Kor vanleg er det å ha ryggplager?

Smerter i ryggen er svært vanleg. Dei aller fleste vil få ryggsmerter ein eller fleire gonger i løpet av livet. I løpet av eitt år vil halvparten av befolkinga ha hatt plager, og til ei kvar tid angir ca 15 % at dei har vondt i ryggen.

Menneska har i alle kulturar og til alle tider hatt ryggplager. Skjelettfunn i fleire tusen år gamle mumiar frå både Sør-Amerika og Egypt har vist at også folka der leid av vond rygg. Ryggplager har med andre ord fylgd menneska gjennom historia, og er dessverre ein naturleg del av livet.

Årsaker og risikofaktorar

Det er ikkje så mykje vi veit med sikkerheit. Nokre faktorar betyr  sannsynlegvis ein del:
 
-tunge løft og vridingar

-einsidig kroppsleg arbeid

-mykje risting av heile kroppen (t.d. bruk av visse maskiner og transportmiddel)

-dårleg fysisk form og inaktivitet over tid aukar risikoen for tilbakefall av ryggplagene.

Ofte er det ei blanding av både over- , under- og feilbelastning. Mange vil erfare at det var ei bestemt fysisk belastning som utløyste ryggsmertene, men det kan like gjerne vere "dråpen som får begeret til å flyte over" i ei skive som er skada frå før.

Ryggsmerter er ikkje ei psykisk liding. Men særleg langvarige og intense smerter gjer noko med oss over tid. Dei fleste blir slitne og trøytte, og det tek på humøret. Det kan slite på forholdet til familie/venner/arbeidkollegaer. Ryggsmerter går ofte utover søvnen, og ein blir uopplagt og mindre uthaldande om dagen.

Kva kan eg gjere når eg får vondt i ryggen?

Vi veit med stor sikkerheit at ryggen legast raskast og best ved at ein er i mest mogeleg normal og variert aktivitet. Det betyr at ein skal ligge minst mogeleg.

I den akutte fasa kan det vere best å veksle mellom å ligge for å dempe smertene, og å vere i så mykje bevegelse som ein klarer. Stikkordet er variasjon.
Respetfrie smertestillande legemiddel kan ofte vere til god hjelp. Det er også viktig å vere optimistisk, ha tru på at dette kjem til å gå bra og at det ikkje er farleg. Tankens kraft er stor. Saman med fysisk aktivitet stimulerer det kroppen si evne til å reparere seg sjølv.
 

Nokre gonger kan det skje at smertene er så sterke at det er nødvendig å ligge for å lindre dei (særleg ved nerverotsmerter ned i beinet). Sengeleie på dagtid er ei seg sjølv ikkje behandling, og ryggen blir ikkje helbreda av  å ligge. Dessutan kan lagvarig inaktivitet  i seg sjølv forverre smertene. Musklar og ledd blir svakare og stivare, knoklane kan bli meir skjøre, og kondisjon og uthaldenheit blir dårlegare. 

Når bør eg oppsøke hjelp?

Sjølv om ryggsmertene er sterke, er dei sjeldan uttrykk for noko alvorleg. Du bør derimot søke hjelp viss:

- Du føler deg utrygg på kva det kan vere. Er det noko farleg?

- Smertene er sterke og du ikkje får nok hjelp av smertestillande tablettar eller ved avlasting av ryggen.

- Du merkar nedsett muskelkraft i lår, legg eller fot.

- Du har hatt ufrivillig vekttap, feber eller føler deg generelt sjuk.

-Du har mykje vondt etter å ha skada ryggen i eit uhell.

Du bør med ein gong søkje legehjelp dersom du i tillegg får problem med å late vatnet eller blir nummen i skrittet.

Korleis er sjansane for å bli bra att?

Dei aller felste med akutte ryggsmerter vil bli bra eller betydeleg betre etter få veker.

Ei del får tilbakefall i løpet av 1-2 år, og mange opplever at smertene kan kome og gå over lang tid. Dette i seg sjølv er ikkje farleg eller unormalt. Kunsten er å lære seg å mestre plagene, eller lære seg å leve med dei.

Med nerverotsmerter tek det ofte lenger tid, kanskje fleire månader. Eit prolaps som tyt ut i nerverotkanalen, vil  vanlegvis byrje å tørke inn og skrumpe etter kort tid. Ein vil då merke at smerteinstensiteten ned i beinet avtek. Det tek ofte lang tid før prikking og nummenheit er heilt borte, eller krafta i musklane er komen heilt tilbake.

Kan tilbakefall førebyggast?

Det viktigaste du kan gjere for å førebygge nye ryggepisodar, er å halde på med treningsaktivitetar regelmessig over tid. Mange har nytte av eit opplegg for trening og øvingar etter rettleiing av fysioterapeut. Det er viktig å halde seg i jamnt god kondisjon og form. Variert treningsaktivitet som ein trivst med er det  beste, og det lettaste å oppretthalde over tid.   

Konkrete råd til deg

- Prøv å halde deg i form gjennom lystbetont mosjon og variert aktivitet. Gjer noko som passar for deg. Ryggen trivst best når den får vere i bevegelse. Den er i utgangspunktet sterk og tåler mykje.

- Det er bra med 20-30 min. (helst dagleg) aktivitet som gange eller sykling, ikkje minst i skog og mark. Nokre likar best bassengtrening i oppvarma vatn.

- Unngå langvarig sitjing, særleg når du har vondt. Ver i variert bevegelse og kroppsstilling. Reis deg, og beveg deg gjerne litt bort frå kontorstolen når du kan.

- Mange har nytte av hjelp frå ein fysioterapeut, som kan gi deg ei individuell vurdering av kva du treng av behandling og/eller trening.
T.d kan eit øvelsesprogram med tøyning og muskelaktivitet gi betre styrke, uthaldenheit og samspel musklane imellom.  


Kilde: Formi, Sosial - og helsedirektoratet.