Torsdag 7.januar 2021

I heile perioden med smitteverntiltak ifb med Covid-19, kan eg ikkje tilby gruppetrening på Fjordtrim eller bassengtrening. Usikker på kva tid dette er oppe og går igjen. 

I denne perioden har eg all pasientbehandlinga i Fysiohuset, der eg har fri tilgang på trimrom, og kan dermed tilby individuell trening med ein om gongen, i denne "Koronatida". 

Mange mista treningsopplegget sitt då landet stengte ned i mars 2020, så vi får prøve og gjere det beste ut av det på andre måtar. 

Tirsdag 19.november 2019

Gjennomført utdanning og eksamen bestått i terapeutisk yoga for personar med stess, angst, depresjon og traumer! Hurra!😀

 

FREDAG 24.NOVEMBER 2017

FRÅ 01.01.18 TRENG DU IKKJE LENGER HENVISNING FRÅ LEGE FOR Å FÅ TIME HOS FYSIOTERAPEUT. 🙂

Nytt mobilnr. 48 02 62 09

 

 

 

Mandag 2. januar 2017

Ønsker alle sammen eit godt og sprekt nytt år!🙂🙃

Du må som før ha rekvisisjon frå lege før behandling. Frå 01.01.17 må alle betale egenandel, bortsett frå personar med relevant yrkesskade, og barn under 16 år. Egenandelstak 2 er i år på kr 1990,- Deretter får ein automatisk frikort.

Treningstider på Fjordtrim og i basseng er som før: 😉

Fjordtrim: Man. og ons kl 15-16

Basseng tirsdag: kl 16-17.

Tenker å sette opp Deva Yoga kurs dette året også. Kjem tilbake til tidspunkt.🤩 

Mandag og onsdag er eg på kontoret på Storfjord Helsesenter, og tirsdag og fredag  i Fysiohuset.

Tlf. nr 48 02 62 09🙂

Lørdag 9.april 2016

Ta en liten titt innom den nye sida "Tips og råd"🙂😀

Synnøve viser elegant hva en ribbevegg kan og bør brukes til. 🙂💋

mandag 7.desember 2015

I går var utdanninga i Deva Yoga fullført, og eg har fått det svart på kvitt at eg er blitt "Deva Yoga Instruktør".🤪🙂

Ei veldig spennende utdanning, som har gitt både auka sjølvinnsikt - og har vist seg å vere eit utrulig effektivt og nyttig verktøy på mange plan.  Det skal bli fint å ta det i bruk for alvor, både på gruppebasis og i enkeltkonsultasjonar. Og så er egenpraksis viktig. 🙃